Les turreferat fra tur til Hjelmen

På ned fra Hjelmen
På ned fra Hjelmen Foto: Geir Helge Knudsen

"Nei, sjå borti Hjelmen, kor vårsola skin" - skreiv Hans Hyldbakk.  

Hjelmen, 978 meter over havet, er eitt av dei store landemerka i Surnadal.  Frå toppen kan ein sjå alt frå hav til fjellheim. Smøla gøymer seg i disen utanfor Tustna, og trollheimsfjella helsar når ein ser innover.

Laurdag 21.august var vi 6 turgåarar som håpa at haustsola skulle skine for oss når turen gjekk til Hjelmen, men slik vart det ikkje.

Vi parkerte ved Mjølkplasshauan og la i veg oppover i grått og til dels vått ver.  Turen er ikkje lang, men ganske bratt, og litt kliving vart det. Det gjekk heilt fint, og vi kom til toppen etter eit par timars gange.  Ei lita lønsjpause med kaffe og sjokolade høyrer med på tur.  Vi fekk ikkje den utsikta vi hadde håpa på, så vi kan berre tenkje oss ka vi gikk glipp av - kan hende må vi ta ein tur til i finver? 

Turen tok omlag 4 timar tur/retur, ein fin tur - og takk til Erling Kjøl for god og trygg turleiing.

Deltagere:Geir Helge Knudsen(foto),Tone Sevaldsen(referent)Grete Bakken Sørensen,Rolf Sørensen,Kitty Williams,Erling Kjøl (turleder)

Hvis du ønsker å gå turen selv, så ligger den beskrevet på UT.no

Fellesbilde på toppen
Fellesbilde på toppen Foto: Geir Helge Knudsen
Litt småluftig parti på vei til toppen av Hjelmen
Litt småluftig parti på vei til toppen av Hjelmen Foto: Geir Helge Knudsen