KNT Fellestur Sollia - Storfiskhytta








Turreferat KNT fellestur til Sollia - Storfiskhytta på Fjordruta
For første gong har eg vore på fellestur med KNT, og eg trur ikkje det blir den siste. På ein slik tur med turleiar blir ein kjent med nye fjell og dalar (og myrer), ein får nye turvener, får testa seg sjøl på alle vis – kor tung sekk ein kan bære, om det går greit å gå langt fleire dagar på rad. Eg trur dei fleste vil bli overraska over kor greit dette går. Med triveleg selskap og god turleiing – slik vi hadde – går det bra!
Vi starta fredag ettermiddag frå Todalssetra i Aure og gjekk til Sollia (320 moh), eit vakker hytte med utsikt til Vinjefjorden. Vi bruka 2,5 timar på turen som gjekk i noko myrlendt terreng.
Neste dag gjekk vi over Snøfjellet (674 moh) på vegen til Storfiskhytta. Også på denne strekninga er det myrer, så ein må rekne litt ekstra tid sidan det er tungt å gå. Vi bruka 6,5 timar. Søndag var det klart for siste etappe attende til Todalssetra. Vi gjekk over Todalsfjellet (821 moh) – ein veldig fin tur, løypa var godt lagt på vegen til toppen. Siste biten ned på veg gjennom skogen er veldig bratt, så her må ein bruke bremsemusklane aktivt. Vi bruka 6,5 timar. Eg vil takke turfølget Lone, Anja og Kristin for triveleg selskap. Turleiarane Birger og Else Marit bar opp spekemat med mykje godt tilbehøyr og serverte dette til oss fredag kveld – tusen takk – det var kjøle godt. Takk også for god turleiing.
Deltakere:
Tone Sevaldsen – Referent
Kristin Aasen
Anja Krumrey
Lone-Mari Brattøy
Turleder – Birger Blomvik og Ass. Else Marit Blomvik