Turreferat fra tur til Ryssdalsnebba

Fantastisk utsikt  til Kanndalen og fjorden.
Fantastisk utsikt til Kanndalen og fjorden. Foto: Arne Folkestad

Etter snøfallet ei veke tidlegare, og med svært gode vermeldingar for helga, var det store forventingar til KNT-turen til Ryssdalsnebba.

Laurdag 17.04.2021. 26 turglade menneske i fleire generasjonar møtte opp på parkeringsplassen ved kraftverket nederst i Kanndalen i Eresfjord. I tillegg til nordmøringar, var det deltakarar frå Ålesund og Rogaland. Det var ei fin turgruppe, og turleiarane Turid Fossland Odin og Marit Gudmundsen styrte turen på ein eksemplarisk måte.

Etter å ha jobbe oss ein del høgdemeter oppover setervegen i Kanndalen, trakk me opp frå vegen for å kome over skoggrensa. På godt føre, i lett terreng og med kjempeutsikt gjekk det i retning Nordmørsskaret, der det vart romsleg rast. Deretter var det brattare motbakke opp ryggen mot Ryssdalsnebba, og med ei kneik heilt mot toppen.

Det var mykje folk i fjellet, også på toppen, men god sitteplass for alle i turgruppa, der ein kunne nyte strålande sol frå skyfri himmel, ingen vind, og fantastisk panorama i alle himmelretningar.

Retur gjekk same veg. Me brukte om lag 6 timar oppover, 1 time pause på toppen, og 1 time ned igjen. Det var ein fabelaktig dag. Takk for turen!

Referent: Arne Folkestad.

Skrevet av Roar Halten 19. april 2021