Barnas Turlag til Vettafjellet

Foto: Hildegunn Holten

Ein finverstur i september 2018! I ein haust med fleire avlyste turer grunna dårleg ver klaffa det heldigvis bra på denne turen.

Turen på Vettafjellet gjekk som planlagt i flott turver. Sol heile dagen, men ein del vind på toppen. Det regna ein del dagen før, så det var litt glatt og sleipt somme plassar. Det var muligens det som gjorde at det ikkje var så mange deltakarar.

Ei mor med to gutar på 4 og 7 år og ein hund var med, i tillegg til min son og meg. Det kom òg to familiar som ikkje visste om Barnas Turlag sin fellestur, så det vart ganske folksomt og sosialt på toppen.

Turleiar for denne turen var Hildegunn Holten