Fellestur til Snota

Foto: Kjellrun Hoås Gannestad

Bli med oss på tur til Snota

21 fjellfrelste sjeler
stod og dirra som nystemte feler
og venta på klar-signalet.
Men guideane, Berit og John,
var bestemte: Ingen pardon!
Nokon tjuvstart kom ikkje på tale.
I dag var Snota sjølve magneten,
den høgreiste Trollheimsmajesteten
lokka på gamle og unge.


Opp Breiskaret bar det med stor optimisme.
Ved Svartvatnet sneik det seg inn realisme.
Motbakkane var både lange og tunge.
En real matpause gjorde seg,
alle la fornøgde i veg
mot toppen langt der oppe.
På glattskurte svaberg, i smale renner,
i ur, langs vatn med nye venner,
på snøføre let vi oss ikkje stoppe.


Endeleg, etter slit og svette,
var vi ved varden og kunne med rette
vera fornøgde med oss og med dagen.
Foto vart teke frå alle kantar,
nista kom fram att og kaffeslantar
gav oss nytt mot og is i magen.
For nedturane kan vera harde,
kvart einaste steg lyt ein ta seg i vare,
iallfall vi med gamle bein!


Turen vart ein stor suksess,
alle kom heilskinna opp og ned.
Vi nytta ut dagen og kvelden vart sein.

Helsing eldste deltaker, Kjellaug H. Brørs


Disse var med: Wenche Fjeldset,Lisbeth Edvardsen, Rune Stølen, Kjellaug Brørs, Kjellrun Hoås Gannestad, Ingunn Thorland, Ingeborg M. Johansen, Harry Johansen, Aud Brynhild Indset, Gunvor S. Røe, Jon Eivind Dragset, Wenche Barsten, Grethe Linda Sevaldsen, Randi Loe, Olav Loe, Andre Brevik Hansen, Nicolay Holm Hansen, Emil Holm Hansen.

Turledere:  Berit Caspersen, John Dønnem og Tore Svendgård


Skrevet av Ivar Vullum 7. september 2017