Sandgrovbotn og Mardalsfossen

Fellestur

Dato
19. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mardøla, Mardølsfossen
Arrangør
Kristiansund og Nordmøre Turistforening
Turområde
Romsdalen og Eikesdalen (se kart)
Turkode
Tur 27
Dette arrangementet er over!

Fottur frå Eikesdal opp til toppen av utløpet til Mardalsfossen

Mardalsfossen er Nord-Europas høgaste fossefall på 655 meter. Dei fleste kjenner til Mardøla-aksjonen i 1970 der dei demonstrerte for å hindre utbygging av Mardalsfossen.

Turen startar ved fergekaia. Vi går først ca 350 m oppover bygdevegen. Her tek vi av ved den T-merka stien over ei eng og oppover eit kulturbeite (stien vart forresten rydda og oppattmerka i 2016), før vi kjem opp mot ein sti som går sikk-sakk til ca 900 moh, til vi kjem til Litjbotn. Fint å ta ein liten stopp her for å sjå på utsikta over Eikesdalen.

Vidare blir det litt slakkare terreng før vi tek siste etappe oppover til Sandgrovbotn. Her får vi utsikt mot utløpet av Mardalsfossen.

Plana er å gå rundt tjønna for å kome heilt bort til utløpet. Det er ikkje tilgang til vatn på turen opp lia, men oppe i Litjbotn kan vi fylle opp drikkeflaskene.

Det er ein fordel å ha litt trening før turen. Vi skal opp frå 26 til 1000 moh. I skodde blir turen avlyst.

Sett av ca. 7 t. til turen frå fergekaia til vi er nede igjen. Eikesdal har også vertshus, som er ope til og med denne helga. Det kan være fint å avslutte turen med eit måltid eller litt drikke der før ein tek turen heimover.

  • Oppmøte: Fergekaia i Eikesdal, i sørenden av Eikesdalsvatnet, kl. 10.00.
  • Turledere: Paula Reitan Lie, tlf. 952 30 708, paula.reitan.lie@mrfylke.no
    Marit Wadsten, tlf. 41690285, e-post: maritw@hivolda.no
  • Kart: Norge serien Sunndalsøra «Romsdalsfella Sør» (Nordeca Turkart 1:50 000)
  • Turpris: kr 50,-
  • Turen annonseres på: kntur.no og KNT sin Facebookside

Sandgrovbotn og Mardalsfossen

Fottur frå Eikesdal opp til toppen av utløpet til Mardalsfossen Mardalsfossen er Nord-Europas høgaste fossefall på 655 meter. Dei fleste kjenner til Mardøla-aksjonen i 1970 der dei demonstrerte for å ...

Kontaktinformasjon: