Grøvelnebbatrioen

Fellestur

Dato
26. juni kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur
Arrangør
KNT Fjellsport
Turområde
Trollheimen (se kart)

Turbeskrivelse:

Vi parkerer på Oppdølstrøa før turen går til Seterhaugen, Øverhaugen også viare til kryssing av Horrvikbekken. I partiet før skoggrensa er det ikkje sti og det er ein del kratt, så lang bukse eller gamasjer anbefales. Det er grei tilgang på bekker før snaufjellet. Vi følger godt over skoggrensa bort til Fulånebba, før vi går opp på sørtoppen av Grøvelnebba også viare til Mohaugen. Vi tek lunsj og korte pauser etter behov. Ned frå Mohaugen kan det være ein del snø, så rompeakebrett eller kjettinger for dei meire forsiktig annlagte, er gode alternativer til å stå på fjelltursko. I skoggrensa finn vi skogstien ned til parkeringa ved Camp Dronningkrona.

 

Praktisk på turen:

Når vi kjem opp til skoggrensa så vil det bli gjort ei vurdering om alle er i god form til turen. Dette er ein lang fulldagstur med over 15km distanse i ulendt og til dels bratt terreng. Det er noko klyving opp siste etappe på toppen til Grøvelnebba, men det er ikkje behov for sikringsutstyr. Hund som er i god form kan være med på turen. Pakk vanleg tursekk med varm jakke og huve/votter uavhengig av værmelding. Turen gjennomføres med værforbelhold, derfor er også søndagen satt opp som eit alternativ i tilfelle været ikkje er bra på laurdag.

 

Oppmøte:

26.06.21 (søndag er alternativ i tilfelle dårleg vær laurdag)

Ved behov for sammkjøring frå kristiansund så er det oppmøte kl 0730

Oppmøte Ålvundeid grendahus kl 0900

Vi koordinerer samkjøring av biler til tur start og avslutning ved oppmøte på Ålvundeid grendahus.

 

Grøvelnebbatrioen

Turbeskrivelse: Vi parkerer på Oppdølstrøa før turen går til Seterhaugen, Øverhaugen også viare til kryssing av Horrvikbekken. I partiet før skoggrensa er det ikkje sti og det er ein del ...

Kontaktinformasjon: