|
Tekst og foto: Vidar Sogge
Hermannhytta på Austre
Nordmarka i Surnadal er ferdig restaurert og klar til å a imot til saman 11
overnattingsturistar.
Kristiansund og Nordmøre turistforening kjøpte Hermannhytta hausten 2002, og
ho skal danne bindeleddet mellom Fjordruta og Trollheimen. Næraste hytta i
Fjordruta er Grytbakksetra. Stigen mellom desse hyttene reknar
turistforeninga med blir ferdig merka rundt midten av juli.
Som dei fleste hyttene på Fjordruta er også Hermannhytta sjølvbetjent, dvs.
at det einaste du treng å ta med på turen er sovepose eller lakenpose. Hytta
er ulåst, og du finn mat, kjøkkenutstyr, omn og gassbrennar for å koke
maten. Betalinga skjer kontant eller ved fullmakt.
Førebels kjem du enklast til Hermannhytta når du køyrer til Moen i Surnadal
og parkerer bilen 300 meter aust for kyrkja. Derifra er det merka sti heilt
fram. Turen tek om lag l time med vanleg
gange.
Hovudhytta vart ferdig alt til påske. Fire
køyer fordelte på to soverom gjev 6 overnattingsplassar. I tillegg er det
plass til ein person på sofaen i stova.
Annekset har gjennomgått store forandringar i løpet av våren. Her
har turistforeninga fått eit soverom med overnattingsplass til 4 personar,
do, redskapsrom og skott. Det er stort sett berre murane som står igjen av
det gamle bygget.
Som vanleg i KNT har alt arbeid vore utført på dugnad, og 16
personar har til saman utført 92 dagsverk, ofte frå 7 om morgonen til 9 om
kvelden. Tilsynet for hytta, Jan Nordvik og Vidar Sogge, vil takka alle
deltakarane for den enorme innsatsen, og håpar, at mange, både bygdefolk og
turistar, vil stikke innom og slappe av på den fine hytta.
|