.

                     Hermannhytta -  historikk

Av Målfrid Sæther Amundsen
 

I byrjinga av 1950-talet stifta kvinner frå Holten, Røv og Moen ei forening med føremål å få bygd ei badstu. Badstua var tømra av brørne Gunnar og Erling Røv (Øverlandet), og sett opp på elvemelen ved tønnefabrikken (no sprossefabrikk) på Røv. Det var bading annankvar laurdag i vinterhalvåret.

Peder Fugelsøy (Sæterøya) fekk som badevakt kr 10.- pr. laurdag. Han måtte kome tidleg om morgonen for å fyre og varme opp.  Berit Røv (Høgmo) fekk som badevakt det halve for å halda fyren ved like og vaske etter at badetida var over.  Etter kvart som folk fekk eigne bad, vart badstua til overs og seld.

I 1973-74 kjøpte Hermann Sande (Fjellset) badstua til den litt aparte pris kr 2 101,10. Han betalte med klingande mynt i ein plastpose til daverande kasserar i badeforeninga Gerda Moen (Negard). Pengane gjekk vidare til den nyoppstarta bedehusforeninga.

Hermanns forklaring på kjøpesummen: ”Eg tenkte først å by kr 2 000.-,  men  i tilfelle andre gjorde det same, slengde eg på ein hundrelapp.

Så kom eg til å tenkje på at det kunne andre og gjere, så eg la på ei ekstra krone.

Etter å ha fundert enno ei stund, tykte eg det var rettast å lure  med ei ekstra tiøre, for sikkerheit skuld.” Han fekk tilslaget.

Det kom inn eit par høgre bod, men sidan kvinnene visste at Hermann var ein ordensmann, kunne dei lite på at murane som skulle slåast ned, tomta som skulle ryddast og planerast, vart teke hand om på beste måte.

Badstua vart rive rett opp i den gamle, velkjende lastebilen hans Ola Røv (Høgmo), på den tida ått av Ingebrigt  L. Moen (Negard) og køyrt til Ole Todal på Skjermo. Der omlasta til ein ”muskegg” og køyrt opp lia. Der vart hytta bygd opp der den no står. Ho vart flittig bruka gjennom alle år.

Laurdag 14. februar 1998 køyrde to snøscooterar opp skogsvegen til hytta, Ingebrigt L. Moen og Hermann Sande. Hermann var i kjempehumør. Han sette på vatnet og det vart fyra i omnen. Kaffe skulle kokast, men dei vart sitjande å prate. Hermann fortalde historier og skøya. Brått slo han seg på brystet, sukka og døydde.

Ingebrigt kontakta 113 og vart på staden til hjelpemannskapet kom.

Hermann Sande vart 80 år gamal. Om sjela hans Hermann enno svevar over hytta, gler han seg sikkert over at den blir halde i god stand og flittig nytta.

At Elizabeth og Frank Amundsen åtte Hermannhytta frå 1999 til 2002 er berre eit lite intermesso.