Vindølbu – Breiskarsetrene - mot Trollheimshytta.

 

Varda og merka (blått).
Kart: Snota 1420 I og Turkart Fjordruta (1 : 100 000).

Merka sti til Stølseterbekken. Som regel er bekken grei å forsere, men i regnver og stor snøsmelting blir han snart for stor, og da må vi ta merka sti frå hytta og ned til brua over Stølseterbekken, og derifrå opp til Kontrabakken.

40 min. etter start frå Vindølbu, møter du eit skilt som peikar mot Breiskartolla, som står 30 m ned for stien. Dette er noregs største furutre, og er vel verdt eit besøk.

På ferda vidare innover kjem vi no til

- Mogstadbreiskaret, der berre storgryta og noko av stølen står att.

- Nedre Breiskarsetra byr fram benkar og bord til ein velfortent kafferast.

Du møter mange fine gaddar på turen mellom Nedre og Øvre Breiskarsetrene.

Øvre Breiskaret.

Det vide Breiskaret opnar seg mot aust, og vi ser mot fjella aust for Folldalen..

Blålyng og molteblomst langs stien opp frå Breiskaret.

Merkegjengen pustar letta ut når dei møter den øvre stien frå Vindølbu til Trollheimshytta.

Herifrå følgjer du merka sti (raud) mot Svartvatnet og møter stien som kjem frå Kløftsetra i Vindøldalen.


Kart over ruta finner du
her

 

 

 

 


Sammen med KNT for friluftsglede:
 


Kontaktinformasjon:
 

Kristiansund og Nordmøre
Turistforening
Postboks 476
6501 Kristiansund
Tel 716 76937
Mob 908 65088
Faks 716 76444
turist@c2i.net
webmaster

Webredaksjon: Inge Gudmundsen og Ivar Vullum