Kvar fer du dersom du ønskjer ein skitur i storslagen natur og i godt lag
der du kan nyte det gode livet når du når ned til hytta? Ja, da blir du med
Kristiansund og Nordmøre Turistforening til Innerdalshytta for å gå
Kringelhøa rundt.
Fredag 18. mars møtes vi på parkeringsplassen på Nerdal. Dei fleste kjente
fjes. Etter omlag ein time er vi framme på Innerdalshytta. Fullmånen kikar
fram og lurar på kva folk dette er.
På hytta blir vi møtt av Torill. Etter noko å drikke på blir det servert
kjøttsuppe. I år som før smakar suppa framfrå. Turleiarane orienterer om
skituren neste dag. Knt har sendt sine beste folk, og Per Gaupseth og Terje
Møst har hatt ansvaret for denne turen i mange år. Det blir tidleg ro på
hytta. Deltakarane har respekt for turen som ventar.
Laurdag! Du verden, sol og finver. Kjekt å sjå at alt ligg til rette for å
gå på skitur. Presis kl 9 legg vi i veg med feller under skia. Vi går opp
lia til Renndalen og Renndalsvatnet. Turleiarane set ein fin fart, ikkje så
fort, men det går jamt oppover. Alle er gode på ski og i brukbar form.
Den tyngste etappen går på kryss og tvers opp kleiva til demninga på
Langvatnet. Det går unna og vi er oppe knapt 3 timar etter at vi starta frå
hytta.
Turen
austover Langvatnet går som ein draum og vi rundar fjellet Kringelhøa. Her
møter vi 4 elgar på vandring. Vi hadde ikkje venta å sjå elg så høgt til
fjell, men kanskje er dei på veg til eit anna dalføre, ikkje veit eg. Så
langt har det vore ein liten vindtrekk, men her løyar vinden og vi legg inn
ei ekstra pause i solsteika.
På med skia att og bortover mot Innerdalsporten. Det er artig å renne når
føret er så bra. Litt fokksnø er det, men ikkje is slik det kan vera så høgt
til fjells. Vi kosar oss ned bakkane. Ikkje fritt for at
konkurranseinstinktet vaknar hos enkelte. Med litt knall og fall kjem vi ned
til Falesetra.
Med så lett og fint skiføret går siste økta ned til Innerdalshytta raskt
unna. Totalt 7,5 timar etter at vi starta. På hytta har Torill varma opp
badstova. men først er det ei pils på trappa. Det smaka det!
Kroppen får godt stell. Skikkeleg vask utvendig og god drikke innvendig. Det
er tullprat og latter og folk kosar seg. Det er kjekt å vera konge, om ikkje
anna berre for eit par timar. Til middag er det viltgryte og Torill skuffar
ikkje.
KNT har hatt denne turen på turprogrammet i mange år. Kanskje var dette 24.
gongen. I fjor stod turen ikkje i turheftet, til masive protestar frå
folkehavet. Turkomitten gjer noko ikkje den tabben omatt. Denne turen er
Fellestur de Lux, Fellestur GTI og Fellestur Framifrå, alt på ein gong.
Eller som ein av deltakarane sa det Fellestur Stjerneklasse 6.
Vi tek på heimveg vel vitande om at ta her har vore kjøle bra! Vi møtest om
eit år , kanskje til Jubileumstur Kringelhøa rundt. Takk til Per og Terje
for sikker og god turleiing. Takk til oss alle som gjorde turen!
Følgjande var med på turen: Håvard Johannsen, Marit Gjertsen, Eva Sæterøy,
Ola Wullum, Jorunn Langhelle, Finn Nikolaisen, Heidi Leonardsen, Arve Olsen,
Randi Loe, Olav Loe, Inger Johanne Bjørnå, Are Andre Olsen, Wenche Greve,
Per Gaupseth (turleiar) og Terje Møst (turleiar)
Referat og bilder Ola L. Wullum