Laurdag 28. mai var 45 personar med på fellesturen frå Flessa til
Bøkleppen. Turleiar var Egil Djupvik. Bernt Gudrunson Bøe var med som guide
og hadde mykje interessant lokalhistorie å fortelje.
Ved starten i Flessa fekk deltakarane høyre litt om garden, om ”flesa” som
er bakgrunn for namnet og om ”Flessestrandens skole”, der det snøa inn
gjennom glaset og mjølka fraus…
Via Jutvika gjekk turen til Båtvika, der det i si tid var trafikknutepunkt,
handelsstad og gjestgiveri. Mura vegar og tufter etter hus og fjøs vitnar om
arbeid og busetnad. Og enno står stabburet att – om enn i skrøpeleg stand.
Vi fekk høyre den tragiske historia frå 1909, da ein båt kollsigla og
familiefaren i Båtvika omkom. Ei ung enkje sat att med 3 små barn, det
minste skulle døypast helga etter ulykka. På Båtvikneset kunne vi sjå den
eine av fleire gravhaugar - visstnok frå bronsealderen.
Komne fram til Trodalen vart det tid for matpause. Guiden fortalte den
dramatiske historia om Mannbjønnen som herja i traktene her på 1770-talet og
som drap gardmannen like ved husa. I steinbrotet nede ved sjøen dreiv dei
fram skifer til m.a. takstein.
På turen vidare passerte vi den bratte setervegen som går frå Grava opp til
Gravasetra - der den 15-årige seterjenta bar ned mjølka i to bøtter - pluss
i mjølkekoffert på ryggen!
Åttåt gardane vi såg, har det på strekninga også funnest husmannsplassar som
ikkje er nemnt i bygdeboka, m.a. ved Trodalen – og vi stansa ved tuftene
etter bygningar på Stølen ovafor Breivika.
Turen var krydra med artige og dramatiske historier om folk som har i budd
i området. Dei mange terrengnamna vitnar også om liv og hendingar i gamle
dagar.
Vel framme i Bøkleppen etter fire timars historievandring kunne vi takke
guide og turleiar for følgjet på ein interessant og triveleg tur.
Kirsten
B. Bøe, referent
|
|
|
Foto: Bernt Bøe. Vandrarane synte stor interesse for hustuftene i Båtvika. Plassen vart fråflytta i 1911 |
|
|
|
Foto: Bernt Bøe. Stabburet er einaste bygning som enno står att i Båtvika |
|
|
|
Foto: Bernt Bøe. Bernhard Bøklep hadde mykje sjølopplevd å fortelje frå eit langt liv i området |
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. Gravhaugane ved Båtvika skal vera frå bronsealderen |
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. En liten grøn flekk med hustufter fortel at her låg garden Jutvika |
|
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. Samla ved Bøkleppen etter endt historievandring frå Flessa |
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. Fossen Fallet – der Tjyvåa stupar ned mot Trodalsbukta |
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. Samling og matpause ved husa i Trodalen. Turleiar Egil Djupvik (t.h.) kan nyte den flotte utsikten over fjorden mot Vågbø og Aksneset. |
|
|
|
Foto: Kirsten B Bøe. Turguide Bernt Gudrunson Bøe ved hustuftene i Jutvika
|
|
|