KNT PÅ YSTETIND

Laurdag 10. april 2010 var målet for fellesturen til
Kristiansund og Nordmøre Turistforening Ystetind på Vestnes.
Dette vart ei spesiell veke for Nordmøre ut i frå fleire
tilhøve. Tidlegare i veka hadde Kristiansund vitjing av helseministeren i
samband med sjukehussaka. Ein av turdeltakarane markerte synt sitt i
sjukehussaka med å bære teskjorta til aksjonen på skituren. Med tur på
«bortebane» og 6 deltakarar frå Molde låg dette an til å bli ein livleg dag.
Men på fellestur skal det vera triveleg og da skal ein ikkje krangle. Dei
med eit anna syn i sjukehussaka helt klokeleg kjeft.
Men veret kan det snakkast om. Dei som var med på turen
fekk eit fantastisk ver. Sol, vindstille og eit uvanleg godt skiføre til å
vera så seint i sesongen. Tilhøva var faktisk så gode at ein skulle tru at
turleiarane har gode kontaktar oppover, noko dei nektar hardnakka for.
Turen starta på Flate, nokre km køyring frå fergekaia på
Vestnes. Vi kunne raskt ta på skia og med sola i mot kom vi fort over
tregrensa. Toppen var nådd etter omlag 3 timar. Dei siste par hundre er det
så bratt at vi måtte gå til fots.
Ystetind ragar 1162 meter over havet og utsikta er
framifrå. For ein som har fore ein del med båt var det interessant å sjå
kysten og leia frå ein annan vinkel.
Turleiarane Inger Johanne Bjørnå og Terje Møst hadde ei
god hand med turen. Dei fortener ein stor takk for at vi fekk ei flott
turoppleving. Vi var 32 som starta turen. Vi var 32 som kom velberga nedatt,
utan at nokon trong legebehandling, verken på Molde sjukehus, Kristiansund
sjukehus, eller etterbehandling på det nye Gjemnes sjukehus.
Ref. Ola L. Wullum