Kanskje siste gong på breen.

Turen på Vinnubreen har i mange år vore ein av
godbitane på programmet til KNT. I år var turen sett opp laurdag 14.august,
men vermeldingane gjorde at den vart flytta til søndagen etter. Vi 20 som
møttest i Nerdalen kl 07.30 fekk ein lang og innhaldsrik dag i nydeleg
seinsommarver. Dessutan vart vi historisk. Breen har minka så mykje at det
er vanskeleg å finne ei rute som let seg gjennomføre med ei stor gruppe når
ein skal oppom begge toppane på Vinnufjellet. Det blir neppe fleire turar
med KNT på Vinnubreen i overskodeleg framtid.
I gråver, med skodde over fjelltoppane, delte
turleiarane ut seler og tau, og sa at i Kristiansund skein sola da dei
køyrde heimafrå. Med denne løfterike meldinga var det berre å leggje i veg
frå parkeringsplassen og følgje stien mot Grasdalen. Lia opp vart
tilbakelagt i jamnt og fint tempo, og første stopp var ved Virumsetra. Etter
ein liten matbit og litt drikke, var turleiar Petter Brevik ivrig etter å
komma seg vidare. Han sette kursen mot Hestbreen. Over myr og bakkar bar
det, mot berga og isen. Vi måtte klyve eit godt stykke opp for å finne ein
brukbar plass å gå på breen. Så var det å grave i sekken etter stegjern og
snøre på seg remediene. Mens vi dreiv på, begynte skydekket å revne og vi
fekk dei første glimta av toppane rundt oss, herleg! Det er alltid
spennande når eit taulag legg i veg om alle har stegjern som heng på. Litt
plunder vart det denne gongen også, men omsider snodde to små ormar seg
forsiktig over blåisen. Det vart å gå i sikk og sakk for å unngå dei verste
sprekkene. Vi peila oss inn mot Dronninga og toppen av 1000-metersbakken.
Etterkvart som vi la både distanse og høgdemeter bak oss, revna skydekket
totalt. Vi måtte stoppe for å pakke ned jakker og genserar. Stilt og fint
var det også. Forholda på breen vart også enklare jo høgare opp vi kom. Da
det vart slutt på snøen, var det berre å gå rett på steinhellene. Vi var på
toppen av bakken og kunne nyte eit mektig panorama. Dei siste to-tre
kilometrane opp ryggen av Dronninga vart tilbakelagt i strålande sol med
utsikt utover Sunndalsfjorden på den eine sida og mot Kongen og Skarfjell på
den andre.
Etter ein skikkeleg rast og ei deilig stund i sola,
var det tid for rapell ned på breen. Ingar Hannaset fann ein høvleg plass
nedanfor den siste mota mot toppen. Her vart det rigga til med tau og
sikringar. Ein etter ein rapellerte vi ned ca. 20 meter og avslutta med eit
hopp ut på breen. Enkelte gjorde det unna på eit par minutt, mens andre var
lite vant med slik nedfart, og trengte lenger tid. I alle fall begynte
tidsskjemaet vårt å sprekke. ”Er vi på Kongen klokka 19.00, er vi i rute”,
hadde Petter sagt. Da alle var nede på breen var ho 18.30. Det var ein
fantastisk vakker ettermiddag, og mange var stemt på å klyve opp berga på
nordvestsida av Kongen. Å gå over breen lenger øst var utelukka på grunn av
store sprekker. ”Nei, det blir for seint. Vi får gå ned breen under
sprekkene og så mot nord retning Botnen”, var beskjeden vi fekk. Det første
stykket var riktig fint, men så bar det over ein kant og styggeleg bratt
nedover. Her var det tydeleg at breen hadde gått ned dei siste åra. Der ein
tidlegare la ruta mot Kongen, var det no bratt blåis med sprekker,stein og
grus. Vi heldt oss heilt på venstresida av bretunga, og var ganske letta da
vi nådde berga ca. 100 m lenger ned.
Vegen tilbake til Virumsetra tok si tid. Det var mykje ur å gå i, og litt
kronglete over bekkefar og ned bratte skråningar. Sola gjekk ned, og
himmelen mot Virumdalen vart rosa. Vi kom heldigvis ned til setra før det
vart mørkt. Ned lia hadde vi stor glede av hovudlyktene. Det vart sprekk i
feltet på slutten, men rundt midnatt var alle nede på parkeringsplassen;
lykkelege og fulle av inntrykk. Vi hadde vore på tur i 16 timar, og vi hadde
opplevd noko av det flottaste Nordmørsnaturen kan by på. Ein stor takk KNT
og ikkje minst til turleiarane Petter Brevik og Ingar Hannaset for ein
fantastisk flott dag.
Anne Britt Røe Malvik
Bilder: Marit Reiso