Bjorli – Vangshaugen


 

Det var ein gjeng på 13 stk som sto klar på Bjorliheimen laurdag før palmesøndag, der Petter Brevik ga dei siste instruksane før vi la iveg.

For 3 år sidan vart turen i denne ruta avlyst i vinterferien pga sterk kulde og vind. No gledde eg meg til ein tur i påskesol. Etter ein runde med blå ekstra og VR 60 la vi i veg frå Bjorlihø. Men skodda kom og gjekk, vart det sagt, så her måtte ein til med kart og kompass frå starten, retn Lesjaskog. Med ein foran for å gå etter signala til Petter, så gjekk jo dette bra, og kursen vart lagt nord for Ettare Kongelberget, sør for Gravranden, retn Meløypet. Sola kom fram, matpausen god, men opp Meløypet var det fleire enn meg som sleit med klabbar under skiene. Men pytt, snart oppe! Då kom bonusen: Ei flott nedkøyring, god gli på sletta , og ein ny matpause i ope terreng med sol og god sikt. Nedkøyringa til Aursjøhytta gjekk omtrent ved sommarruta, i kupert terreng og litt skareføre. Men  tåka kom ikkje før vi nærma oss demningen på Aursjøen. Kjøkkengruppa starta sterkt og baud på baccalao første kvelden. Berre lekkert!

Søndag morgon vart kursen lagt opp Torbuhalsen. Vel oppe vart det matpause, fellene av og testing av glid. Skodda letta,,og turen over utosen av Tvetjønna, mellom Torbusnyta og Stortorbuhøa vart ei flott oppleving! Bonus igjen! Men skodda kom sigande, og vi såg kor viktig det er å ha leiarar som er kyndige med kart og kompass. Ned frå Vakkerdalsbandet,  iVakkerdalen og over Reinsvatnet vart det mykje høgre- venstre, og det vart kvelden før vi kom fram til Reinsvassbu. Men når to kokkar så var med i kjøkkengruppa, ja då var det berre å nyte måltidet og stemninga!

Vi skimta så vidt solgløtt over Reinsvassbu då vi starta mandag morgon. Fylgde spora frå kvelden før, og såg høgre-venstre-effekten. Skodda vart tettare igjen, men ved retn Holbu  gjekk det an å følgje merkesteinene i sommarruta. Takk til merkeansvarleg Unhjem! Godt merka!

Etter matpause ved Holbudemninga bar det etter kvart inn i terrenget att, og fin tur mot Grønnvollsteinen. Reidun S og Petter tok ut kurs, og etter kvart fekk Ketil og Heidi god trening i å gå først i sporet og ta kommandoorda frå navigatørane. Godt jobba! Så etter 9 timar ute også denne dagen vart det ei oppleving i seg sjølv å kome til Raudberghytta som var nyvaska, godt oppvarma og Tove Hundset sjølv som tok imot oss på beste måte! Takk og takk! Når det i tillegg vart 3- retters middag og god stemning rundt langbordet, ja då kunne ein nyte kvelden. Varme inne, måneskinn ute!

Siste dagen var målet Vangshaugen. Etter frokost hadde Petter minikurs med GPS, kart og kompass. Bra! Så kunne ei gruppe leggje på feller og gå mot Seterfjellet, mens 4 la ruta direkte mot Råstu. Drømmedag med sol og silkeføre! Hvis eg skulle angre noko på turen, så må det vere at eg ikkje endra skyssavtale og tok turen om Seterfjellet først. Men turen til Råstu var fin, og turen ned frå Råstu ei oppleving i sol og silkeføre. Dobbel-bonus!

Takk til alle for ein fin tur! For meg var dette ei fin oppleving om det ikkje vart påskesol heile tida. Ingen turar vert like. Denne vart og spesiell. Ein spesiell takk til Petter Brevik for god navigering, - godt assistert av Reidun S -  for fullt fokus og travle dagar!

Takk for turen, hilsen Reidun B. Rødset

Desse deltok: Petter Brevik, Solveig Brevik, Ola Wullum, Reidun Sveås, Solgun Veddeng, Reidun B. Rødset, Ketil Gils, Snorre Visnes, Heidi Leonhardsen, Elin Maridal, Anita Bakken, Åse Ulseth og Finn Nikolaisen

Middag på Aursjøhytta

I skavlane

Mot Reinvassbu

Før Meløyløpet

Råstu

Pause før Vakkerdalsbandet

Ved Aursjødemmninga

 

 

 

 

 


Sammen med KNT for friluftsglede:
 


Kontaktinformasjon:
 

Kristiansund og Nordmøre
Turistforening
Postboks 476
6501 Kristiansund
Tel 716 76937
Mob 908 65088
Faks 716 76444
turist@c2i.net
webmaster

Webredaksjon: Inge Gudmundsen og Ivar Vullum