Fellestur med KNT til Averøya laurdag 21. august.
 

Deltakarane på bildet: Turleiar Kirsti Flø, Jon Dyrseth, Olav Johansen, Torill Mikkelsen, Anne Marit Orseth, Egil Magne Folland, Brit Nedal Folland og Dag Arnesen.
 

Til trass for skikkeleg dårleg sommarver både kvelden før og tidleg på morgonen same dag, møtte fire turdeltakarar (i tillegg til turleiar) opp ved samvirkelaget i Bådalen. Oppe på Kornstadkleiva venta enno tre deltakarar til. Under oppstigninga til Gulltanna vart vi godt oppvarma av sola og det var godt då vi fekk vindtrekk oppe i sida. Vi var heldige med veret denne dagen og vi fekk ei ganske bra utsikt utover havet og innover fjella i romsdalen og på nordmøre. Vi fekk mellom anna sjå så langt som til Vengetindane og Kongens og Dronningens krone. Etter ein rast på Gulltanna gikk turen vidare langs med Fagerfjellet, via Helsetknoken og opp Steinkorga til toppen av Meekknoken (752 moh). Undervegs hadde vi pauser, masse godt humør og praten gikk lett. Det var ein triveleg gjeng å vere turleder for. Vi fekk også sjå ei firfisle i lyngen og ei ørn som sveva over oss. Nedturen gikk gjennom vakre og varme Nekstaddalen der blåbæra frista dei fleste deltakarane, før vi enda opp på Nekstadsetra. Dette er ein rundtur som viser fram mykje av det Averøya og nordmøre har å by på til folk som liker å gå tur.
 
Turleder og referent Kirsti Flø.

 

 


 


Sammen med KNT for friluftsglede:
 


Kontaktinformasjon:
 

Kristiansund og Nordmøre
Turistforening
Postboks 476
6501 Kristiansund
Tel 716 76937
Mob 908 65088
Faks 716 76444
turist@c2i.net
webmaster

Webredaksjon: Inge Gudmundsen og Ivar Vullum