TUR 11 og 12

Vestre Kreta

Tur 11.:  25. mai–1. juni

Tur 12.:  8. juni–15. Juni

 

Den store interessa og dei gode erfaringane frå turane i 2004 og 2005 gjer at vi også i år prøvar med  to turar. For å få plass kan det  løne seg å vera tidleg ute. 


Dag 1: Reisedag

Vi samordnar biltransporten til Værnes og tek flyet i kveldinga. Etter 4,5 timar i lufta og 20 minutt med taxi er vi framme på Hotel Frini i Chania by. Hotellet er eit lite familiedreve hotell som ligg på stranda, omlag 20 minutt gange frå havna i sentrum av byen. Det er midtnatt når vi kjem til hotellet. Kanskje får vi lyst på eit glas retzina og eit lite bad i sjøen før vi går og legg oss.


Dag 2: Gingolos

Vi har ein lang dag føre oss. Morgonbadet på stranda og frukosten er unnagjort når taxiane hentar oss for å ta oss med til Omalosplatået (1200 moh.). No startar alvoret. På med fjellskoa og sekken. Vi skal til fjellet Gingolos (2080 moh). Ein del av turen går gjennom eit særprega og flott landskap, som om det er henta frå ein gamal indianarfilm.

Frå toppen ser vi rett ned i Samariaravinen. På andre sida av juvet ser vi bort på fjellhytta som vi skal overnatte i. Er det klårver ser vi havet både i nord og i sør. Vi går ned att same vegen. Etter ein lang og god pause på tavernaen på Xiloskala tek vi fatt på stien, 1,5 time gange opp til fjellhytta Kallegari (1677 moh). Hytta ligg på kanten av eit stup med ei utruleg flott utsikt.


Dag 3: Samariaravinen

Det gjeld å koma seg i veg tidleg før sola blir for varm. Vi skal  gå ned att til Xiloskala for så å gå ned Samaria-ravinen (Samariakløfta). Dette er eit kjent turistmål med mykje folk i alle utgåver. Til tider kan det vera kø, men den storflotte naturen i nasjonalparken må vi ha med oss. Elva har gjennom tusen av år laga ei svært djup kløft. På det smalaste berre 2-3 meter brei med bratte fjellsider på mange hundre meter. I  Samariaravinen er det eit rikt plante- og dyreliv. Kanskje får vi sjå den sky fjellgeita "kri-kri" klatre i fjellveggen.  Sjølve Samaria-ravinen er 15 km lang. Etter omlag 6 t. er vi nede ved  sjøen og  landsbyen Agia Roumeli. Du kan tru det kjennes godt å få av seg fjellskoa og kaste seg ut i Libyahavet. Etterpå finn vi oss ein taverna. Der sit vi kanskje heilt  til vi går og legg oss.

 

Dag 4: Austover langs sørkysten

Også i dag startar vi tidleg. Vi skal  gå austover langs kysten. Delvis går vi på stranda og delvis litt opp i lia. Ein del av turen går i barskog med kjærkomen skugge. Etter om lag 4 timar er vi framme på  Marmara-stranda, ei lita flott strand med ein liten taverna. Her tek vi ein lang pause for å ete, drikke og ikkje minst for å bade i det klare vatnet. Her er ei lita strand, fine berg å stupe frå og grotter der du kan svømme inn i ei og ut att i ei anna.

Etter pausen går vi vidare til Loutro der vi skal ha 3 overnattingar. Loutro er eit paradis. Det er ikkje veg til byen. Den einaste måten å koma hit på, er som vi, å gå, eller ta båten. Ingen bilar, ingen mopedar, kan du tenkje deg kor godt det er.

 

Dag 5: Kviledag i Loutro

I dag er det kviledag. Etter ein lang frukost tek vi kanskje båten til Marmarastranda, eller kanskje vi leier kajakk. Kanskje går vi over åsen til hotell Finix og bader der. Eller vi blir i Loutro og badar og slappar av. Om kvelden finn vi oss ein taverna ved sjøen der vi et grilla geit med retzina til. Vi høyrer bårene som sler inn mot  stranda. Og kanskje ser vi månen speglar seg i havet.
 

Dag 6:  Rundtur fjellbygda Anapolis – Aradhenaravinen.

I dag er vi ekstra tidleg oppe. Vi bør starte seinast kl. halv sju. Vi har pakka sekken kvelden før og litt oppe i lia tek vi litt mat og drikke. Stien tek oss raskt opp i høgda og Loutro blir mindre og mindre under oss. Vi går forbi ein gjetar som samlar sauene for mjølking.

Sola kikar fram attom åsen. Det luktar framand, ei blanding av blomster, sau og noko ein ikkje veit kva er. Etter 2 timar er vi oppe på fjellet. Her ligg den vesle kyrkja Agia Eikaterina der vi kan gå inn.

 Men vi skal vidare til landsbyen Anopolis (600 moh). Der tek vi ein lang og god  frukost. Etterpå får vi tak i nokon som kan køyre oss over sletta til Aradhenakløfta som går ned til sjøen og endar på Marmarastranda. Etter timar med  bad, mat og drikke går vi "heim" eller kanskje vi tek  båten.

 

Dag 7:  Austover langs sørkysten til Hora Sfakion

I dag skal vi gå vidare langs kysten til havnebyen Hora Sfakion. Vi har god tid og det er mange fine badeplassar under vegs.  Etter eit godt måltid i Hora Sfakion tek vi bussen over fjellet til Chania (75 km). Vi tek inn att på Hotel Frini. Vi avsluttar Kretaopphaldet med ein heilaften i havneområdet, kanskje med Zorbas dans.

 

Dag 8: Heimreise frå Chania

Etter ein god frukost og eit siste bad, tek vi taxi til flyplassen. Går alt som det skal er vi heime på Nordmøre tidleg kveld.

 

Praktiske opplysningar:

Den som deltek må vera i vanleg god form. Dagsetappane er ikkje urimeleg lange, men sola gjer at ein må bruke meir krefter her enn heime.   På grunn av at vi går på mykje stein og fjell er det viktig med solide fjellsko. Vi vil råde folk å ta med både fjellsko og gode joggesko. 

Turleiarane har  målsetting om at gruppa skal fungere best muleg sosialt. For å bli kjent og for å "forlenge" turen tek vi sikte på å samle gruppa ein kveld  i god tid før vi reiser.

Påmelding til Jonas Eriksen AS. Frist 1. februar. Maks 12 deltakarar per tur. Aldersgrense 18 år.  Har du e-postadresse er det fint om vi får den ved påmelding.

 

Pris:  Flybilett (direktefly frå Værnes) omlag  kr. 3.100.  Flybiletten og kr 1.200 for å dekke ektra utgifter til turistforeninga og turleiarane skal betalast  etter at du har fått melding om  plass på turen. På Kreta  må du rekne med omlag kr. 300 -  400 per dag til overnatting, mat og transport.  Alle utgiftene på Kreta blir betalt av kvar einskilt  på staden.

Reiseforsikring og evt avbestillingsforsikring må kvar enkelt sørge for sjølv.

 

Turleiarar 25.05.–01.06 : Berit Caspersen, tlf. 97186516
                                         Ola L. Wullum,  tlf.  90548027

Turleiarar 08.06.–15.06: Sissel Mjønes Bergsnev, tlf. 92054141 
                                        Terje Bergsnev, tlf. 92 26 18 31.